Khader Adnan avslutter sultestreiken – settes fri i april

Free Khader AdnanEtter 66 dagers sultestreik forberedte familien hans seg på at han når som helst ville trekke sitt siste åndedrag. Under administrativ forvaring, utsatt for tortur og trakassering, og uten tiltale, dom eller noen tidsramme for soningen, brukte Khader Adnan det eneste våpenet han hadde tilgjengelig: å slutte å spise. Israelske militærmyndigheter brydde seg ikke, Vestens ledere brydde seg ikke. Men da livet holdt på å ebbe ut må likevel det voksende engasjementet hos Adnans støttespillere ha ført til såpass mange henvendelser til Israels myndigheter at de begynte å regne på PR-kostnadene ved å la Adnan dø.

Og i siste liten ble det funnet en løsning som til nød berget livet for Adnan, og såvidt også berget masken for apartheidstaten Israel: Adnan frigis 17. september. Gratulerer til Khader Adnan og alle som kjempet for han!

Alpujarras – eit «heimleg» dalføre på solkysten

Når vi ser snøfjella reiser seg innst i dalen, bak dei kvite landsbyane som klatrar oppetter dalsida, er det nesten som å komme heim. Lufta er varm, men rein og klår. Det er grønt, og mengder av blomar i kvar ein vegkant. Nokre stader ser vi raude enger av valmuer.

Eg må ut av bilen – igjen – for å ta bilete. Må nokre skritt ned frå vegkanten for å få med blomane i forgrunnen, med fjella bak. Her er berre bratte lia nedanfor vegen, så ein må trø varsamt. Brått ser eg rett ned i bakhagen på eit lite gardsbruk, ein finca, 20 meter loddrett under meg.Folk her greier – som folk i trange vestlandsfjordar – å finne plass til husa sine der det knapt går an å fota seg.

Vi køyrer eit par kilometer vidare, og kjem så inn i Pampaneira, den nedste av trilling-landsbyane i Alpujarras’ turistiske hotspot. Vi er utanom høgsesongen, men det er tydeleg at turiststraumen gir inntekter til landsbyen. Eit par kilometer lengre opp i lia ligg Bubión, og øvst Capileira. Dei kvitekalka husa klyv tett i tett oppetter dalsida, til landsbyen brått tek slutt. Her er det anten by eller ikkje by, ingen glidande overgang.

Vi går på restaurant i Bubión for å få oss almuerzo – lunsj. Det blir kraftige saker! Dottera mi vel spansk omelett, men det var ikkje rett val. Det er fattigmannskost – omeletten skal fylle magen, og det gjer han – men det kjennest som godt over halve tortillaen er poteter. Eg og konemor er heldigare med plato alpujareño, som viser seg å vere ei bombe av kraftig fjellkost: to forskjellige blodpølser, chorizo-pølse og ei blanding av spekepølse og vossakorv, friterte poteter og salat. Og serrano-skinke. Det er ikkje tilfeldig, for landsbyane øvst i lia i Alpujarras tar imot skinker frå mange stader i Spania til modning i den tørre fjell-lufta. Endå vi deler ein porsjon, blir eg brått så mett at det knapt er råd å gå på føtene etterpå. Dette er mat for folk som skal tole både kulde, varme og bratte bakkar!

Frå Capileira tek vi eit par timars fottur oppetter dalen. Alpujarras er inngangsporten til Sierra Nevada – på norsk Snøfjella, dei høgste fjella i Spania. Den høgste toppen Mulhacén når 3481 meter der verdsmeisterskapen i alpint gjekk føre seg i 19??. Om sommaren er dette området svært populært for fjellvandrarar. Du kan gå frå Capileira, krysse Sierra Nevada og ende i Granada. Det hadde vore noko! Frå toppen av fjellkjeda ser du ut i Middelhavet, medan du kan stå på ski på Mulhacén ut april og kanskje lenger. Om vatnet i Middelhavet ikkje akkurat er lunkent på denne tida, går det faktisk an å kombinere ski- og badeferie.

Fjellmaten har likevel gitt nye krefter, men den vanskelegaste delen av vår minifjelltur blir i finne vegen ut av landsby-labyrinten. Men reisebøkene Rough Guide og Lonely Planet fortel i detalj kor en skal gå. Og kan du litt spansk, er det jo berre å spørje folk.

Stien frå Capileira går forbi enger og knausar opp gjennom den trange dalen. På hi sida ser ein hundrevis av terrassar opp etter dalsida. Dei er bygt slik for mange hundreår sidan, slik at den tildelte vassmengda fordeler seg akkurat slik at den forsyner heile terrassen. For dette er noko av det mest spesielle med Apujarras i spansk sammanhang: denne dalen har vatn heile året. Stadig høyrer ein klukkinga frå rennande vatn. Opp gjennom århundra har store delar av den bratte dalen blitt dyrka opp, sjølv om det tildels er høgt til fjells og varmen om sommaren gjerne ligg på 40 grader om dagen. No seint i mai er det deilige «norske» sommartemperatur her.

Det var maurarane som bygde vatningsannlegga og terrassane. Dette var det siste området dei måtte forlate på den iberiske halvøya. Etter at Granada fall i 1492, og kong Boabdil i Alhambra måtte reise ut med dei fleste av sine muslimske og jødiske undersåttar, fekk likevel ein del av muslimane lov å bli i Alpujarras. Men dei var ein torn i auga på inkvisisjonen og dei spanske kongane, og fekk ikkje leve i fred. I 1571 blei maurarane sitt siste opprør i Alpujarras slått ned, og denne gongen blei dei etter kvart sende over Middelhavet til dagens Marokko. Nye folkegrupper blei flytt sørover frå Galicia og andre område i nord. Men desse folka kjende ikkje til det intrikate vatningssystemet i Alpujarras. Difor avgjorde kongen at ein kunnig maurar måtte bli buande i kvar landsby for å lære opp sigerherrane. Og slik har maurarane sitt jordbruk levd vidare under kristen dyrking i over fire hundreår etterpå.

Trass i den tildels fanatiske religionsforståinga til dei spanske kongane – som kosta millionar av menneske livet på andre sida av Atlanterhavet i det nyoppdaga Amerika – let desse kongane mange av dei mauriske byggverka stå. Heile Andalucía er også i dag prega av den muslimske fortida, og spanjolane er stolte av den. Gamle moskear blei kyrkjer – som La Mesquita i Cordoba. Berre deler av underverket Alhambra blei øydelagd. Kan hende tykte kongeparet Ferdinand og Isabella at det trass alt var for gale å knuse dette? I alle fall skulle seinare Alhambra bli rekna som eitt av verdas «underverk». I landsbyane i Alpujarras flytte folk nordfrå inn i dei mauriske husa, og dei bygde vidare i same stil. Og i dag lever derfor den mauriske fortida vidare i dei unike og vakre kvite landsbyane i Andalucia i dag.

Slikt tenkjer ein på når ein går opp gjennom liene i Alpujarras med snøfjella rett i mot øvst i dalen. Langsetter dalsida, ved sida av stien, dukker det stadig opp vatningskanalar som blir fordelt ned etter terrassane. Eg kan ikkje fri meg for å samanlikne med korleis etniske reinsingar i vår tid ofte prøver å slette alle spor etter den fordrivne folkesetnaden.

Tidlegare blei det dyrka korn og alt som var nødvendig for å overleve på terrassane i Alpujarras. Kontakten med verda utanfor var svært sparsam. Skikkeleg veg blei ikkje bygt før på 50-60-talet. I dag tar det berre ein times tid å køyre frå Almuñecar ved solkysten og opp til Capileira øvst opp i lia mot Sierra Nevada. For eit par år sidan blei vegen frå Capileira til Mulhacén stengt. Den skal ha vore spektakulær, og ga også vestlendingar angst mot å sjå utfor utfor kanten, og ein får vone at den vil bli opna igjen.

Det går ei fjellkjede langs kysten frå Motril og austetter mot Almería, parallelt med Sierra Nevada. Det er Sierra de la Contraviesa. Denne er for ein stor del dyrka opp heilt til topps, og det går ein veg langsetter toppen der ein har utsikt ned bratte lier og ut over Middelhavet til den eine sida, og mot Sierra Nevadas snøkledde toppar på hi sida. Her oppe i høgda dyrker dei lokale bøndene vindruer til produksjon av sin lokale Costa-vin. Den er alltid rosé, og smakar heilt forskjellig frå det meste «seriøs» vin som eg har smakt. Første forsøk, på en bar i Albondón var eit lett sjokk – vi klarte ikkje drikke opp glaset. Men då vi stansa for overnatting i Torvizcón, møtte vi på kveldsvandringa vår i smaua i landsbyen eit triveleg eldre ektepar som baud på eigenprodusert vin. Den blei skjenkt fra ei brukt Brandy-flaske – som er litt bedre stil enn normalen, 2-liters Colaflasker. Dette var ein heilt annan smak: lett og frisk, og freistande å hive i seg fleire glas av. Verten blei synleg skuffa over at vi nøygde oss med eit par glas – han var stolt av vinen sin, som var lagt på druer frå hans eigne tre på fjellet. I staden kjøpte vi med oss ein toliter frå naboen hans, som skulle vere av akkurat same kvalitet. Men overraskinga vår var stor då vi smakte på han – dette var endå noko heilt anna! Men den blei likevel god å ha til å gi bort til lokale hjelparar då vi skulle reise heim. Denne litt søtlege vinen, som nokre gonger kan minne om vår eigen ikkje heilt vellukka heimeproduksjon frå vinsett kjøpt på Nøstet, den blir brukt som matvin av alle i Alpujarras, og etter kva innflyttarar seier, venner ein seg til smaken etter kvart, og mange blir riktig glad i den.

Kontrasten mellom landsbyvegane i Alpujarras og hovudvegen langs kysten er slåande – ikkje berre naturen, men kor stille det er, kor lite trafikk, for ei ro ein får i sjela endå ein faktisk køyrer bil i eit framant land! Alle vegar finst ikkje på alle kart, og informasjonen kan vere ganske omtrentleg. På veg frå Torvizcón tvers over dalen til Busquistar, blei vi stoppa av ein vegarbeidar som varsla om at vegen var stengt lenger framme. Etter litt akkedering fann vi ut at vi kunne krysse dalen om vi valde å køyre via ein annan landsby i same retning – Nieles. Ei mil lenger framme, etter 500 svingar eller så, varsle nok ein vegarbeidar oss om det same, men jau, vi kunne rett nok ta vegen om Nieles. Men da vi kom til Nieles, var vegen der stengt med bom, så det var ikkje anna råd enn å snu. Vi møtte den siste vegarbeidaren på same plass, men no var vegen til Busquistar open! Og han ville slett ikkje tru på at vegen ved Nieles var stengt. Men vi kom fram, og det var ein triveleg avstikkar uansett!

Det går stiar mellom dei fleire titals landsbyane i Alpujarras. Mange av stiane er reine perler – om våren går ein gjennom blomsterflor, du kan dusje i fossar du passerer, naturen skifter brått for kvar sving. Og i neste landsby er det (nesten) alltid ein bar som sel kaldt øl og deilig mat.

Det var ingen skandinavar å sjå i Alpujarras. Det er kan hende litt rart, for dalen opplevast på ein måte som kjente trakter for ein nordmann. Litt spansk-kunnskap er nyttig der folk flest ikkje kan engelsk, men som alle stader i verda kjemt ein langt med finger- og kroppsspråk òg.

Bedre tider i vente for syklistene?

Under arbeid / Upublisert tilbakeblikk:
Om sykkelstier og planer fra september 2001

Gang- og sykkelveien over Nygårdstangen gir skjermet adkomst til sentrum

Tekst og bilder: Birk

I det skjulte er det arbeid i gang for tiltak som kangi bedre forhold for syklistene over Danmarksplass. «Sykkel i sentrum» er et samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Statens Vegvesen Hordaland. Politiet og en del frivillige organisasjoner – deriblant Naturvernforbundet og Syklistenes landsforening – har vært medspillere. Denne gruppen planlegger sykkelstier og regulering av trafikken til beste for syklistene.

Vegvesenet har sekretærfunksjonen i gruppen og gjenomfører den praktiske planleggingen. Framdriften har vært seinere enn antatt på grunn av for små ressurser til planleggingen. Gruppen er i gang med følgende endringer av sykkelstien over Gamle Nygårdsbroen:

  • I krysset ved Møllendalsveien skal det anlegges et fysisk skille som skal gjøre det mer naturlig for bilistene å overholde vikeplikten i forhold til sykkelstien. På dette punktet er det registrert 3 sykkelrelaterte ulykker i løpet av 2000, mens det tidligere var 1 ulykke i året.
  • Over Gamle Nygårdsbroen skal syklistene ledes ut i bilveien på det stykket der det ikke er sykkelvei. Fortauskanten skal forhøyes, slik at man må gå av sykkelen dersom man skal opp på fortauet. Planen var opprinnelig at det skulle hektes en sykkelsti på utsiden av broen. Men i følge Vegvesenet har det vist seg at broen er i så dårlig forfatning at «det ikke er mulig» – altså ikke innenfor akseptable økonomiske rammer.

    Forida og sykkelsti

  • Det skal lages en undergang for syklister til HIB og Nygårdshøyden ved rundkjøringen ved Florida.
  • Gang- og sykkelveien som er anlagt over Nygårdstangen knyttes sammen med en nedkjørsel fra rundkjøringen på nedsiden av Florida, slik at man kan sykle på skjermet gang- og sykkelvei herfra og til baksiden av bystasjonen. Tom Henriksen ved Statens Vegvesen regner med at transportsyklistene vil fortsette å sykle den samme veien som i dag, fordi den nye sykkelstien vil bli en omvei. Det kunne tenkes en løsning der en hekter en sykkelsti under Nye Nygårdsbroen. Dette ville forkorte distansen vesentlig, men er hittil ikke vurdert på grunn av kostnadene.
  • Det skal lages sykkelfelt i Kaigaten, beregnet på syklister som kommer fra turveiene rundt Storelungeren på vei inn mot sentrum.
  • Det utredes å lage sykkelsti over Gamle Nygårdsbroen ut av byen. Da må man i tilfelle fjerne kollektivfeltet, og dette er man i kontakt med busselskapene om.
  • Sykkelsti over Danmarksplass er såpass komplisert at det ikke fins noen planer for det. Vegvesenet antyder at det kan komme en løsning i forbindelse med anlegging av bybanen – formodentlig en gang i overskuelig framtid.

Sykkelsti planlegges i Kaigaten

Det er ingen hemmelighet at mange har vært svært skuffet over sykkelstien over Gamle Nygårdsbroen. Politiavdelingssjef Arvid Ask ved Bergen Politikammer omtaler denne sykkelstien slik:

– Når man lager et nytt system, man må forvente at adferden til brukerne blir bedre enn tidligere. Men her er adferden til syklistene blitt farligere enn før. Hver høst ankommer det nye studenter som ikke kjenner denne sykkelstien, og vi får nye ulykker – særlig i krysset ved Møllendalsveien.

Men ifølge Tor Høyland ved Statens Vegvesen er det så få sykkelrelaterte ulykker at det er vanskelig å lage noen statistikk som viser om sykkelstien har påvirket sikkerheten på denne strekningen. Samtidig peker han på at de bare får innrapportert ulykker med personskade som er rapportert til politiet. er det Det er trolig store mørketall når det gjelder mindre skader, og kollisjoner mellom to syklister og mellom syklist og fotgjenger.

Flertallet av syklistene – transportsyklistene – vil velge den gamle ruten uansett...

Statens Vegvesen Hordaland ønsket opprinnelig ikke å bygge sykkelstien fra Forum Kino til Gamle Nygårdsbroen fordi det ikke var mulig å lage en sammenhengende løsning. Grunnen til at den likevel ble bygd var press fra blant andre de frivillige organisasjonene.

Alle parter etterlyser gode forslag til hvordan man kan løse problemene med denne sykkelstien.

«Sykkel i sentrum» har utgitt et hefte som kan lastes ned fra internett. Her beskrives både trafikkregler og korrekt syklist-adferd, og det inneholder kart over anbefalte sykkeltraseer i byen.